|
|
SINGER: Odd Nordstoga
SONG:Texas
Sit på ein flyplass og dreg i tida. blæs opp ein tanke i ny og ne. rastlaust så hiv eg sekundar til sides og seint blir det forma ein haug av det. Ser ned på haugen av tikketakkar, ein haug som det ikkje er meining i. ein slik ein finst ikkje i almanakkar, for dette er slett ikkje avtalt tid. For om alt blei som avtala var, då ville eg sluppe det her. for om alt blei som avtala var, då ville eg sitje og roa meg ned og sagt "ja takk" til kaffe og "nei takk" til te i eit fly som gav full gass imot texas. No hev eg sanneleg tid å miste. dette er ikkje ei matpause med pust i bakken og herleg niste med pølse på, og ein kopp med te. Lener meg bak og med augo blundar. hev ikkje meir eg kan tenke på. eg tikkar i takt med mitt tårn av sekundar, eit tårn som ikkje kan flyttast på. For om alt… Klokkene tikkar for tankar tause og dette er livets reklamepause, men klokkene rundt om kring, dir byr 'kje på nokon ting… imot texas!
| |
|